Næringsbarometer 23. januar 2015

Vi inviterer deg til presentasjon av eit nytt Næringsbarometer for Sogn og Fjordane med synspunkt på korleis året vil utvikle seg i fylket. Denne utgåva av næringsbarometeret ser spesielt på nasjonal og internasjonal økonomi og korleis dette påverkar næringslivet og samfunnsutviklinga i fylket. I Noreg har mediehausten vore prega av overskrifter som vitnar om sterk uro og uvisse knytt til framtida for norsk økonomi. Årsaka er fallet i prisane på råolje frå Nordsjøen som starta i sommar, og heldt fram utover hausten. Fallet i oljeinvesteringar og oljeprisar, samt den negative merksemda i media, har medverka til å senke forventningane til vekst i året som kjem. Medan forventningane til vekst samla sett i fylket går ned, ventar ein at eksporten vil auke. Arvid Andenæs, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, vil halda eit innlegg om korleis næringslivet blir påverka av fall i kronekurs og oljepris. Kva konsekvensar vil dette ha for samfunnsutviklinga i fylket? Vert det fleire arbeidsplassar, har verksemdene planar om å investere, og kvar kjem veksten i fylket? ----------- Produsert av IKT-tenesta i fylkeskommunen