Ta kontroll over innboksen - få kontroll over livet

Norske arbeidstakarar brukar i gjennomsnitt 10 timar i veka på e-post. Likevel opplever dei fleste at dei sit att med ein overfyllt innboks med mange lause trådar. Med innbokskontroll forvandlar du innboksen frå eit frustrerande informasjonskaos til eit kraftfullt verktøy for kontroll med uløyste oppgåver. Sjå på innboksen som ei oppgåveliste. Lær å kjenne att og bekjempe eiga utsettingsåtferd og korleis ein med dedikerte økter utan avbrot kan jobbe meir effektivt og konsentrert. Bonusen er at du vil bruke mindre tid på e-post. Om førelesaren: Jørn Kippersund frå Volda er fastlege med spesialitet i allmennmedisin og utdanning i kognitiv terapi. Siste åra har han også drive med metodeformidling gjennom blogging (innbokskontroll.no) og føredrag. ----- Produsert av Pixel UB, Sogndal VGS